VELKOMEN TIL OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE

 

Nye Osterøy vidaregåande skule ligg på Hatland -ca. 1 km frå Lonevåg sentrum på Osterøy. Skulen har omlag 180 elevar og tilbyr opplæring innan teknikk og industriell produksjon, helse og sosialfag, elektrofag, design og handverk, studiespesialisering og kvardagslivstrening.

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon

Design og Handverk

Design og handverk

Studiespesialisering

Studiespesialisering                    

 

 Elektrofag

 Elektrofag

 

Helse og sosial

Helse og sosialfag

  

Kvardag- og arbeidslivstrening

Kvardag- og arbeidslivstrening

  

 

 

God jul og godt nyttår



 

 


Den tradisjonelle juleavslutninga er no gjennomført, og elevar og tilsette ser no fram til ein lang og fredeleg juleferie. Tysdag 21. desember starta skuledagen med velsmakande julegraut på klasseromma. Samlinga i atriet vart innleidd med finalen i bordtennisturneringa, før elevrådsleiar Elin Njåstad ønskte alle velkomen. Sidan fekk ein stemningsfull og stemningsskapande musikkinnslag ved Hanne og Christine, kvardagslivsgruppa og personalkoret. OD-komiteen delte ut den rekordstore sjekken til barneheimen i Uganda. Jentene i OD-komiteen gav elevane skryt for årets innsats, og dei fekk sjølve velfortente blomar som takk for alt arbeidet dei har hatt. Elevrådet fekk også utdelt roser. Dei har vore ei drivkraft i år, seinast med utspel i lokalavisa om trafikktryggleik og ei godt gjennomført volleyballturnering dagen før.  Som vanleg vart ymse utmerkingar i form av sjokoladepremiar delt ut. Ei populær innleiing til den søte juletid. 

Då står det berre att å ønskja alle
hjarteleg god jul og godt nytt år. 

Vellukka utdanningsmesse     
sykling

Sist veke var det utdanningsmesse i Osterøyhallen -
ei godt besøkt messe med mange og varierte utstillarar. Denne veka var det arnaungdomen sin tur, og for tredje året var Osterøy vidaregåande ein av utstillarane i Bjørnarhallen. Mange har kommentert årets flotte brosjyrer og nye roll-ups med fargerike bilde av elevar i aksjon. Den "karamellskytande" roboten var med på begge messene, men størst merksemd fekk nok den fysiske prestasjonen til Vg3-eleven Knut Andreas Lone i Osterøyhallen. Les meir om det her.

 

 

Kunnskapsministeren fekk robotservert kake
Robot serverer kake                               Kunnskapsminister Kristin Halvorsen let seg både imponera og sjarmera då ho nyleg besøkte Osterøy vidaregåande skule. Eit viktig punkt på omvisinga var sjølvsagt ein tur i verkstadbygget, og her vart ho overraska av ei noko uvanleg kakeservering. Trass i at pressefotografar og fjernsynskamera fotfølgde Kristin Halvorsen, fekk utdanningsministeren god kontakt med elevar og tilsette. Ho avslutta besøket med ein
inspirerande appell for alle elevane i atriet.

Sjå fleire bilete av besøk og les kva media og samarbeidspartnarar skriv her

                            

Kristin Halvorsen kjem i dag
           

Me er stolte av og gler oss til at Utdanningsminister Kristin Halvorsen i dag kjem på vitjing til Osterøy vidaregåande skule. Ho skal først eta lunsj og få omvisning i det nye bygget.

Klokka 13.30 skal Kristin Halvorsen ha møte med elevrådet. Mellom klokka 13.50 og klokka 14.00 er det planen at den profilerte politikaren skal halda ein liten appell for alle elevane i atriet. Det skal bli kjekt og interessant å høyra kva ho har å seia. Både aviser og truleg også NRK vil vera til stades under besøket. Me ønskjer ministeren og hennar følgje hjarteleg velkomne til skulen vår!  

                            

 

Internasjonal dag

Måndag 25. oktober var Richard og Magne frå New Page på skulen og informerte om Operasjon Dagsverk-prosjektet. New Page og Osterøy vidaregåande har i ei god stund samarbeidd om eit prosjekt for ein barneheim i Nsumba i Uganda. Richard og Magne fortalte om kva OD-pengane frå Osterøy går til og viste m.a. eit NRK-innslag frå barneheimen, som no hjelper 600 foreldrelause born. Det er også høve til å bli fadder for barneheimen, og dei to frå New Page delte ut brosjyrar om dette. Oppfordringa til elevane var å spørja foreldre, besteforeldre og andre om å bli fadder. Som ei ekstra gulerot blir det før jul trekt ut 1500 kr til ein av dei som skaffar fadder til barneheimen.

Operasjon Dagsverk går av stabelen torsdag 28. oktober.

                           

 

 

Michael vart noregsmeister for yrkeselevar                           

Ingen skuleelevar er betre på CNC-maskinering enn Michael Poniewaz. Etter to år på Osterøy vidaregåande skule har han no jobba nokre månader som lærling ved K. Lerøy Metallindustri i Lonevåg. Sist veke vann han  konkurransen under NM for yrkeselevar i Lillehammer. Les meir på eige nettside for Kompetansesenteret her (blir opna i eige vindauge) 

  

   

 

 

 


Osterøy vidaregåande skule
5282 Lonevåg
Tel. 56194000
Faks. 56392424
E-post: post.ost@post.hfk.no